Klatsj, klatsj, klatsj.
Føttane mine dansa over den gloheite stranda. Sanden knasa og knurra. Det skulle godt gjeres å ikkje bli brent på slik ein kvelandes sommardag. Eg stoppa opp og tok eit djupt andedrag. Fora meg spreidde den grøne flekken av minnar seg ut som fuglar, den dreg havet til seg og smilte lunt. Hjartet mitt hoppa – det var så lenge sia. Det vesle sommarhuset låg gøymd i famnen til det rufsete landskapet, det såg ut som om det klynga seg til graset som bølgja seg etter vindens pust. Eg vinka, sjølv om eg visste at dei einaste som kunne sjå meg no var trøtte måker og fisk som bobla under vatnet. Det føltes riktig. Det var som om skuggen hans fortsett satt der.
Eg børsta bort sanden eg hadde mellom tærne og gjekk nærmare det kvite huset. Taket var morkent og heldt på å falle saman, og når vinden blåste langs ryggen av landskapet, gav huset frå seg eit høgt og trøtt stønn. Fingrane mine greip om det lause handtaket og eg pressa ned, blodet i henda mine strøyma til og sveitten klistra til då dei slapp grepet. Døra stod stille eit augeblikk føyr vinden hylte og smelte den inn i veggen. Det var kaldt der inne, det føltes heilt gjenglemt. Men det var det ikkje, eg hugsa jo alt no. Det var som om varmen slo ut mot veggane og fargane kom tilbake. Alt stod slik det pleidde å stå. Ikkje ein identisk stol, enkle bokhyllar, ei lekekiste og eit svært frynsete teppe. Til høgre var kjøkkenet, med blå og kvite porselenstallerkenar, eit loslite raudt trebord med alt for mange skuffar på, blomstermønster på titt og tatt og eit par fotografiar på veggane. Eg lukta pannekaker og frukt med melis.
Men eg sprang mot den smale trappa som mangla steg. Opp og opp og opp, heilt til eg såg sollyset kime melodiøst ut frå ein sprekk i taket. Eg bøygde meg ned under den senga hans, og lausna den hullete planken. Der låg dei.
bilde av: http://alandarocks.deviantart.com/art/Summer-94390801
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar